Deadline:
ASAP

OSM Thome og Fjord1 ser etter deg som er klar for ei spennande stilling som cateringmedarbeidar på ferjer eller hurtigbåtar i heile Noreg. 

Det er ledige faste heiltidsstillingar på ulike samband, og det finst òg moglegheiter som tilkallings- eller sesongvikar. 

Bli ein del av Fjord1 – Noregs største ferjerederi og ein sentral aktør i utviklinga av grøn sjøtransport.



Sentrale arbeidsoppgåver som cateringmedarbeidar

Som cateringmedarbeidar i Fjord1 spelar du ei sentral rolle i å tilby mat og drikke til passasjerane og sikre at dei får ei komfortabel og hyggeleg reise.

Det finst fleire ulike stillingar innan catering i Fjord1, som restaurasjonsassistent, restaurasjonsmedarbeidar, salsmedarbeidar, kafémedarbeidar og tilkallingsvikar catering. Arbeidsoppgåvene kan variere noko mellom fartøy og samband, men felles for alle rollene er eit sterkt fokus på service, kvalitet og effektiv drift.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene inkluderer førebuing og servering av måltid og drikkevarer til passasjerar, vedlikehald og reingjering av spisestadar og kjøkken, handtering av matlager og forsyningar, kundebestillingar og betalingar – og å bidra til at passasjerane får ei triveleg matoppleving om bord.

Døme på arbeidsoppgåver:

  • Delta i førebuing og sal av mat
  • Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
  • Varebestilling/varemottak

Visste du at svela er sjølve signaturproduktet til Fjord1? Kvart år blir det selt rundt 800 000 sveler om bord på ferjene og hurtigbåtane. Fjord1 har ein innhaldsrik kafémeny med varme og kalde rettar, påsmurde baguettar og kioskvarer. Med matkonseptet Ferdamat satsar Fjord1 på mat av høg kvalitet, laga av gode, lokale råvarer.



Kvalifikasjonar

  • Gyldig helseattest for sjøfolk
  • Kurs i passasjer- og krisehandtering 
  • Meistring av eit skandinavisk språk og engelsk
Fjord1 kan om nødvendig dekke kurskostnadar for passasjer- og krisehandteringskurs, for rette kandidat.




Ønska personlege eigenskapar

Som tilsett i catering må du vere serviceinnstilt og møte passasjerane med vennlegheit, omsorg og effektivitet. Du handterer bestillingar, servering, hygiene og reinhald, og jobbar saman med andre for å levere ei god matoppleving.

Gode samarbeidsevner og kommunikasjon er viktig for å bidra til eit godt arbeidsmiljø og takle utfordringar. Cateringtilsette i Fjord1 er viktige for å gi passasjerane ei positiv oppleving om bord.

  • Serviceinnstilt
  • Fokus på gode kundeopplevingar
  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • God kommunikasjonsevne




Om jobben om bord

  • Arbeidsstad: Ferjesamband i Noreg – du kan sjølv oppgi kva område som passar best for deg
  • Arbeidsform: Fast heiltidsstilling, tilkallingsvikar eller sesongvikariat
  • Arbeidsgivar: Fjord1 AS
  • Turnus: Tilsette i catering på fartøy går i forskjellige ordningar, alt etter behov. Det kan vere turnusarbeid, dagvakter, faste timar og ekstrahjelp på timebasis.
  • Start: Etter avtale / fortløpande
  • Språk om bord: Norsk/skandinavisk
  • Flagg: Norsk (NOR)



Om Fjord1

Fjord1 er Noregs største ferjerederi og ein sentral aktør i utviklinga av grøn sjøtransport. Flåten er moderne og stadig i utvikling, med vekt på elektrifisering og framtidsretta teknologi.

Selskapet opererer ferjer og hurtigbåtar langs store delar av kysten, og legg vekt på tryggleik, miljø og innovasjon i alle ledd. Fjord1 har hovudkontor i Florø og regionale kontor i Bergen og Molde, og har over 1100 tilsette til sjøs og på land.




Karrieremoglegheiter i Fjord1

Ei karriere i Fjord1 gir deg høve til både fagleg og personleg utvikling. Her får du vere med å forme ein grønnare bransje – og ikkje minst få oppleve norsk natur frå første rad. Fjord1 tilbyr stillingar i fleire fylke, mellom anna Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Nordland og Trøndelag.

Du blir ein del av eit selskap med store ambisjonar for framtida, men som samtidig er tett på lokalsamfunna og brukarane langs norskekysten.




Dette får du som tilsett

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Ein trygg og stabil arbeidsplass
  • Fagleg utvikling og karrieremoglegheiter internt
  • Fleksibel skiftordning gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Gode velferdsordningar som firmaturar, personalrabattar og tilgang til firmahytter
  • Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling.
  • Digitalt introduksjonsprogram for nytilsette
  • Sosiale arrangement og fellesaktivitetar
  • Norsk lønns- og pensjonsordning. Lønn vert gitt etter overenskomst.



Slik søker du

  • Klikk på "Apply Now" og opprett ein jobbprofil i OSM Thome sitt rekrutteringssystem
  • Last opp gyldige kursbevis og sertifikat – ha desse klare
  • Hugs å legg ved oppdatert CV

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av Fjord1 etter gjennomgang av søknader.

Fjord1 og OSM Thome samarbeider om rekrutteringa, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta av Fjord1.

Vi ser fram til å motta søknaden din, og håpar å kunne tilby deg spanande jobbmoglegheiter i Fjord1!




Foto: Fjord1


Job location(s)
Norway
Career type
At sea
Employer
Fjord1
Employment type
Permanent
Temporary
Contract
Type
Passenger - Ferry
Passenger – High Speed Ferry
Rank
Catering Assistant